Den vesle bygda som gløymde at det var jul

Det lir mot jul og men­nes­ka er tra­velt opp­tek­ne med å stel­le alt i stand, gåver skal pak­kast, graut kokast, sko pus­sast … Men, det er noko ufor­klar­leg som skjer. Det knir­kar og tas­lar i gon­ga­ne, mer­ke­le­ge og mys­tis­ke ting skjer sta­dig vekk. Kor vart det av mat­pak­ka som låg klar på bor­det? Kven slår på lyset om nat­ta? Kven er det som sta­dig vekk stikk av med nøk­ke­len til sje­fen, og kven har gnaga på jule­pyn­ten? Ingen har heilt klart å opp­da­ge kva alt det­te mys­tis­ke er, sjølv om det har vore nære på nokre gongar.

For, dei som tas­lar og gneg er: oss teate­rot­ta­ne. Vi har budd på huset i man­ge, man­ge, man­ge år, og vi pas­sar godt på å hal­de oss skjult i kulis­sa­ne. Men, det å skul­le vere usyn­leg er ikkje all­tid like kjekt, sær­leg ikkje når du mest av alt har lyst til å fei­re jul saman med and­re, og det vil eg. Eg er tea­ter­rot­ta Per­nil­le, bli med meg og min fet­ter Jep­pe på ei super­du­per­hem­me­leg førjulsstund.

Lina Tau­le Fjør­toft  har til­rette­lagt Alf Prøy­sen si jule­for­tel­jing «Den ves­le byg­da som gløym­de at det var jul» som for­tel­jar­stund for barn. Det er tea­ter­rot­ta Per­nil­le som for­tel. Med seg har ho fet­te­ren sin, Jep­pe som spe­lar musikk

Pas­sar frå 4 år. Basert på his­to­ria av Alf Prøy­sen. Av og med: Lina Tau­le Fjør­toft. Musi­kar og kom­po­nist: Toi­vo Fjose
Kosty­me og smin­ke: Teat­ret Vårt/ Lina Tau­le Fjørtoft.

Støt­ta av Norsk Kul­tur­råd og Det Vest­nors­ke Teateret

Ned­last­bart markedsmateriale:

Fly­ger i PDF HER
Tekst i word HER
Pla­kat HER

Høy­opp­lø­se­lig foto: